
Hardinglaget i Oslo vart skipa 3. mars 1914. Det betyr at jubileumsåret 2014 også er jubileumsår for laget. Dette vil bli markert på fleire måtar. Det første er jubileumskonserten «Hardanger i hundre» i Oslo konserthus den 22. mars 2014. Konserten er lagt til rette i samarbeid med Hardangerrådet, og inngår som det første arrangementet som kommunane i Hardanger gjennom «Hardanger 2014» vil tilby. Ved denne konserten vil du få møte framifrå artistar frå alle kommunane i Hardanger: Frank Kjosås, Heidi Vestrheim, Arild Helleland, Knut Hamre, Geir Botnen, Roar Brekke – er berre nokre av namna!
Set av datoen og ta ein tur til konserthuset i Oslo denne dagen! På dagtid blir det utstillingar i Konserthuset, i regi av «Flytt til Hardanger». Her vil næringslivet i Hardanger presentere seg. Dette blir ein Hardanger-i-Oslo-dag!
Lekkjer for jubileet:
Hardanger 2014
Oslo konserthus
Clarion Hotel Royal Christiania