Granvin i Hardanger
Granvin herad har om lag 930 innbyggjarar. Nabokommunane er Kvam, Voss, Ulvik og Ullensvang.
Det er eit aktivt kultur- og lagsliv i bygda. Idrettslag, turlag, skyttarlag, ungdomslag, husflidslag, grendalag, bygdekvinnelag og pensjonistlag er blant dei som skaper aktivitet og trivsel for born, unge og vaksne.
Det er dei siste åra lagt ned mykje arbeid i å ha eit triveleg sentrum som stimulerer til aktivitet, og me har etter kvart fått til eit heilt nett av gang- og sykkelstiar som er lett tilgjengeleg også for dei mindre spreke. Stiane er også utgangspunkt for turar til fjells og for eit aktivt friluftsliv.
For dei som vil vera aktive innandørs har bygda fått eit velutstyrt treningsstudio som vart starta opp og er drive av frivillige.
Det er ikkje mogeleg å seia noko om Granvin utan å nemna hardingfeletradisjonane. Desse går fleire hundre år attende i tid, og mange av dei mest markante hardingfelespelarane opp gjennom tidene kom frå Granvin. Tradisjonane vert borne vidare av unge utøvarar både frå Granvin og Hardanger elles. Knut Hamre driv meistarklasseundervisning her i Granvin med elevar frå heile landet, og innimellom har han internasjonal klasse med elevar frå fjerne deler av verda.
Det er etablert to nye bustadfelt i Granvin i det seinare. På det eine, Skielva, er husbygging godt i gang. Det andre, som er den tidlegare jarnbanestasjonen i Granvin, er snart klart for bygging.
Det siste året har det vore eit stort fokus på kommunesamanslåing. Granvin kjem nok til å bli del av ein større kommune, men det er ikkje avgjort enno korleis grensene blir. Me som bur her vil uansett gjera det me kan for at Granvin skal vera Granvin også i framtida, og at bygda skal vera ein god stad å bu.
Med helsing
Ingebjørg Winjum
ordførar