Årsmøte i Hardinglaget

HARDINGLAGET I OSLO

v/Styret

c/o Einar Vestrheim

Vestliveien 43, 1344 Haslum

  

Årsmøte tysdag 12.  februar 2019 kl 19.00

i Nordahl Brunsgt. 22

  

SAKLISTE:

 

Sak 1    Godkjenning av innkallinga

 Sak 2    Val av ordstyrar

 Sak 3    Godkjenning av saklista

 Sak 4    Årsmelding for 2018 for laget (vedlagt) og hytta

 Sak 5    Rekneskap for 2018 (vert framlagt på årsmøtet)

 Sak 6    Medlemspengar for 2019 / hytteavgift for 2019

 Sak 7    Val av styre, hyttestyre og ettersynsfolk

 Sak 8    Val av eventuelle utsendingar

 Sak 9    Verksemda 2019

 Sak 10  Ymse

 

Velkomne til ein triveleg kveld i

 Hardinglaget si ånd!

Einar Vestrheim

                                                                – formann –

  

              HARDINGLAGET I OSLO – ÅRSMELDING 2018

 

STY8RET FOR 2018:

 

Leiar      Einar Vestrheim (1 år)

Styret     Bjørg Riber (2 år)

               Ingeborg Fagnastøl (2 år)

               Johannes Kolltveit (ikkje på val)

               Gunnvor Fykse Skirbekk (ikkje på val)

VARAFOLK TIL STYRET  (1 år):

 

  1. Kåre Aksnes (1 år)
  2. Per Dugstad (1 år)
  3. Hjørdis Riber (1 år)

 

HYTTESTYRET  (vel sjølv leiar):

 

               Botolv Helleland

               Johannes Skare

               Øyvind Opedal

 

ETTERSYNSFOLK:

 

               Amund Riber

               Gunnar Asting

 

VALNEMND:

               Gunnar Asting

               Torgils Skåre

               Øyvind Opedal

  ÅRSMELDING 2018

 

Årsmøtet vart halde tysdag 13. februar 2018 kl 19.00 i Nordahl Brunsgate 22  med 11 frammøtte.

Fyrste styremøtet dette året var hjå Einar 12. mars, der haustfesten vart diskutert, og me vart einige om at den skulle handla om Botnen. Neste styremøte var ikkje før 29. august, hjå Ingeborg. Så var det styremøte hjå Bjørg  26. september, før det siste før haustfesten, som var 24. oktober, hjå Gunnvor. Me hadde og eit evalueringsmøte etter haustfesten på Kaffistova den 5. desember, der me spiste julemiddag saman. Der vart me einige om å ha eit sidertreff, med sidersmaksprøvar frå Hardanger, fram på våren eingong, kanskje i april. Dette skal skje i  Nordahl Brunsgt.

Vårt største arrangement kvart år, haustfesten, vart i år arrangert laurdag 10. november, og handla altså om Botnen. Bortsett frå dårleg lydkvalitet, vart festen svært vellukka. Alle kunne lesa den fine festtalen til Lars Botnen på nettet etterpå. Heldigvis får me bruka kjøkkenet i Nordahl Brunsgt. enno, slik at me får laga den tradisjonsrike maten.

Det bør og nemnast at me hadde ein triveleg “skalkafest” på eldresenteret på Kolsås fredag 9. februar.

Åra går så fort, og neste år har me faktisk eit lite jubileum igjen. Då har Hardinglaget eksistert i105 år!

Det vart sagt minneord om Johannes Kvammen og Sjur Kjell Haustveit, våre trufaste medlemer i alle år.

Hytta blir ikkje så mykje brukt, men det vart ein skidag i år og.

Festtale av Lars Botnen, haustfest i Hardinglaget 2018

Det var ein mørk haustkveld for eit år sidan. Eg sat ute i Asker og åt smalahove.  På andre sida av bordet sat ein annan haring. Eg trur dei fleste her kjenner fyren, det var nemleg ein luring som lyder navnet Vestrheim, Einar Vestrheim.

Då han starta på hove nr 2 og ølglas, også nr 2, også kalla toliters norgesglas, sette han augene i meg og sa omlag fylgjane:

Eg lurte ein fyksing, for ei tid sida, til å ta meg med på ei ferd med paraglider opp over Fyksesund. Eg var redd, men hadde med meg papir og blyant. For eg ville notera meg størrelsen på innmarka til dei 10 bruka inne i Botnagrend + fjellgarden Skåro.

Det viste seg å vere godt i underkant av ein kvadratkilometer. Men frå denne kilometeren er det kome ei lang rekkje personar som har sett spor etter seg, på ymse vis.

Kva kan det kome av, finnes det ein eller annan fellesnevnar for dette?

Du har nok ein teori om dette og den skal du presentere i neste års haustfest i Hardinglaget? Og har du ingen teori, får du lage ein!

Eg vart litt paff, for å seie det mildt. Men, her står eg, protestane mine vart avviste på ein svært brutal måte, nærmast som ei form for intellektuell avliving.

Eg skal då prøve: Å beskrive typiske trekk ved folk som levde for lenge sidan, og prøve å koble eventuelle slike funn opp mot det eg opplevde som barn, og eventuelt opp mot det som er typisk for vår tid.

Eg har brukt historiebøker, lokalaviser, ættebøker og denslags litteratur. I tillegg har eg spedd på med muntlege overleveringar. Dei er ofte meir sanne enn det som futar, offiserar og prester har bore fram. Dei har nemleg alltid ein tendens til å beskrive det som passar deira eiga meining.

Minner faktisk litt om dagens partipolitikarar!

Eg vil leggje hovudvekt på kvinner og menn som ellers er lite omtala, men nevner sjølvsagt også dei meir kjende figurane.  Og for å hindre at alle i salen sovnar, kjem eg av og til å knyte nokre personlege  kommentarar til nokre av desse forholda

Kva? Høyrde eg ein i salen som sa at dei  kommentarane er svært kontroversielle ? Nei, overhode ikkje. Eg fortel nemleg, for å sitere  nok ein politikar, berre sanninga. Men eg har  alltid liggjande i bakhove det som ein verkelige klok mann, ein gong sa:

Ingen kan spre slikt mørkre, som den som har sett lyset!

Eg vil starte med dei tre orda ARBEID OG ANSVAR,og KREATIVITET

Isak og sonen Trond Botnen

Levde frå 1667 -1772. Produserte tilsaman bortimot 2000 feler som seinare fekk navnet Haringfeler. Dei vart i ettertida kjende over store deler av folkemusikkverda, som eksempel nevner eg, områder i Midtvesten og rundt Seattle, og Japan. I Tokio finst i dag ved eit av universiteta  ei spesiell avdeling for Haringfelemusikk og Haringfelemakarar. Det er meir enn utruleg! Finst noko tiklsvarenende i Norge?

NEI, sjølvsagt ikkje. Vi har da popmusikken,vi.

Og går du inn i Kvam Rådhus finn du truleg ingen som veit noko om dei to. Heldigvis finst det ei stor og fin samling Haringfeler i  Hardanger folkemuseum på Utne.

Og det som faktisk alle muntlege overleveringa fortel om dei to mennene er dette:

Dei var alltid i arbeid. Dei hadde aldri ferie. Og dei tenkte alltid i eigne hove, dei ville lage nye feler, sjølv om dei var kjende med andre feler. Dei var utruleg kreative: eksperimenterte med tresortar, størrelse på felene, understrenger og ferniss. Særleg Isak låg forresten ofte i strid med prestane.

Eit anna eksempel på kreativitet kan nevnast. Det var den kjende bjørnejegeren Nils Botnen1719-1796. Han skaut mange bjørnar med sin munnladningsrifle. Mellom anna brukte han kona si til åte, kvar gong ho var gravid. Ho var det, ofte. Menn, den gong meinte med sikkerheit at ein bjørn kunne lukte ei gravid kvinne på nokre kilometers hold.

Derfor plasserte han kona på en stor og flat stein oppe på Alifjell, og låg sjølv med børsa eit lite stykke unna. I børsa han hadde berre eitt skot. Då han ei gang blei spurt kva han ville gjere dersom han bomma, svarte han: ”Eg bommar ikkje, eg. Men eg tek no alltid med ei øks.”

Gudrun Botnen. 1902.  Landskjend bl.a. for sitt arbeid innanfor folkeviser og folkevisedans.  Mor likte ikkje spesielt godt det ho dreiv med, det var litt ukristeleg, meinte ho. Gudruns svar var enkelt: (Ho sat på kjøkenet vårt då ho avgav sitt lakoniske svar)

Eg held meg til bibelen, eg. Når noko skulle feirast drakk dei alltid vin og dansa.  Hadde da vore  i Hardanger ville det nok ha vore cider?

 

ARBEID OG ANSVAR,og KREATIVITET  var det noko som folk der inne var prega av seinare?

Her nevner eg nokre slike forhold:

*Sandtaket. Me hadde ikkje pengar til å ta ut sand. Då veita vi ein bekk til øverst i ei morene. Og vi stod med hendene i bukselomma og såg på at vatnet gjorde jobben. Nederst i morena samla vi vatnet. Då sokk sanden ned, nyvaska og fin. Vatnet drog vidare.

*Torvald skulle transportere ca 50 furustokkar frå ei skår ca 200 meter opp i fjellsida. Dei skulle brukast til spant i hans nye 64 fots skøyte, som han bygde sjølv! Lagde eit system med ein wire frå fjellskora og ned til sjøen. DVS wiren vart festa i eit system ute i sjølve sundet. Den første stokken fek ein uhyggeleg høg fart på veien ned. Der vart trekrokane slått av og furustokken forsvant med eit plupp ned i sundet. Der sat far og eg i ein robåt og vi var utruleg spente på om Torvads ide ville fungere. Torvald sjølv var nok endå meir spent! Plutseleg dukka stokken opp igjen langt ute, men utan skader og nyvaska.

*4 bønder der inne hadde ein gamal fiskerett etter laks. Ca 1953 byrja dei å pønske på å ale opp lakseyngel på land til ca 4 kg vekt. Klekkeri vart bygd, står der ennå. Men vi mangla mat, og fekk null hjelp fra myndighetene. Vi var idiotar, fekk vi vite. Men far var resten av sitt liv lei seg då han og dei 3 andre såg kva som skjedde med norsk oppdrettsindustri.

*Systera mi og ei nabojente, Ågot, ca.10 år gamle vart i 1945 sende på setra som budeier heile sumaren. Mjølka 6 – 8 kuer, separerte mjølka, koka vatn på grue for å reingjere mjølkesakene. For deretter å steike lefser og den slags til mat. Eg fekk vere med frå vel 7 årsalderen, av og til, iført sag og øks, for å hogge ved til dei to tyrannane.

Hadde dette skjedd i dag ville utan tvil eit combat team frå Telemarkbataljonen bli sendt inn for å arrestere dei hensynslause foreldrene som dreiv ein slik grusom form for barnemishandling. I tillegg ville dei to jentene og kanskje eg blitt fjerna frå dei grusomme foreldra og utsatt for ei grundig omskulering av ein flokk kjenslevare psykologar.

 

Politikk  og kanskje religion (Er litt i tvil om kva er kva her)

3 stortingsmenn. 2 frå fjellgarden Skåro. Den siste var Isak Flatabø, 1896 – 1969, AP.

Han var frå Flatabø, men budde mesteporten av sitt liv på Soldal. Han var det som kom springande ned Sandveien i 1945 og ropa til far og meg, som dreiv og laga hesjer til sommaren:

No æ da fred i Norge. Krigen er slutt!

Det eg så hugsa svært godt var at far for som ei kule ned i stallen, med meg på slep. Der braut han opp botnen i troget der hesten fekk høy. Og der låg ein godt innpakka sak som inneheld flagget til stonga på skulen. Deretter sprang vi som piska rotteskinn ned til skulen og heiste flagget.

Isak var ein spesiell stortingsmann. Han let seg aldri kue av deler av partiets program, men samstundes var han brennande oppteken av å jamne ut dei økonomiske skilnadene. I tillegg avslutta han ofte sine innlegg i Tinget med å lese eit passande dikt. Fant han ikkje det i sine diktsamlingar, laga han sjølv eit. Fast representant i tidsrommet 1945 – 1961.

Fars kommentar om AP var forresten:

Arbeiderpartiet har laga eit ordtak som alle menneske burde pugge:                                     Gjør din plikt, krev din rett!

Tenk om det hadde hatt same betydning i dag?

Johannes Skår 1828-1904, Han enda som biskop i Nidaros. Salmediktar, gav ut ny salmebok. Kjend folketalar. Men det var dei som meinte at han gjekk litt langt i å bruke eige hove. Han lurte nemleg, av og til, på det 5 bud og kvifor det då er så mange kyrkjesamfunn som, opp gjennom tidene, har vore ansvarlege for å ha tatt livet av svært mange menneske?

Her stoppar eg opp litt, fordi: Eg har nevnt musikk, Johannes skreiv salmar, Isak og Trond laga feler, og dei levde i barokkens tidsalder. Den var prega av opprør. Religiøs og verdsleg musikk. Og eg meinar at det religiøse er underkommunisert i dagens historieskriving.

Er det då greit, folkens, at eg ber Vestrheim, Einar Vestrheim spele ein religiøs folkevise frå Luster i Sogn. Presentert her av ein songar frå Hardanger, Åsne Valland Nordli?  Ja sjølsagt spør eg om dette er ok, for eg vil ikkje at nokon skal føle se krenka!  (Visa er etter Ragnar Vigdal. Han med foten)

OK, eg tolka stillheten som eit ja. SPEL

 

Ei lang rekke menn frå Botnen hadde tillitsverv i lokale tiltak, både politiske, kulturelle og innan rettsvesenet.

 

Sjøfart reising

Eit anna fellesskap eg har funne, mellom før og no var trongen til å kome ut, til andre deler av landet, til andre deler av verda, kort sagt trongen til å lære noko nytt. Defor var sjøfarten viktig for folk i Botnagrend. Ja,for alle folk langs kysten!

Gamle soger og forteljingar viser at svært mange menn var sjømenn, både langt attende i tid og fram til i dag, For å nevne nokre:

  1. Jon Olavson Botnen 1795 – som var kjend for å vere den sjømannen som var best kjend med sjøvegen frå Gøteborg til Lofoten. Dessutan, påstås det, kunne han segle til Island, Skottland og London utan kart og kompass. Stjernene var nok. For han.
  2. Ein annan, Olav Jonson Botnen,1770-1834, var kjend som bonde på Botnen, som sjømann og som ein av dei som deltok på Eidsvoll i 1814, der han representerte Søndre Bergenhus Amt. Egentleg utruleg.

Så gjer eg eit digert hopp fram til 1970 åra. Eg personleg hadde så vidt fått min første jobb i skulen i Asker, då eg traff min fetter og gode ven Mikael Botnen heime i Hardanger. Han var blitt sånn cirka 30 år, men var  kaptein på verdens største tankbåt, i Sigvald Bergersen rederi. Han drog til sjøss knapt 17 år gamal. Eg starta på ein lengre skulegang.

Eg gjorde meg nokre tankar, den dagen

Så gjer eg nok eit hopp, fram til 11 februar 2001. og går ut av temaet sjøfart. Då var Mikael på Botnen og skulle ut til Øystese. Av diverse årsaker var han nøydd til å gå over fjellet, normalt ein tur på 7 – 8 timar. Denne gongen vart han ramma av det verste uværet den vinteren,  storm, snø og kaldt. Måtte overnatte 2 netter på fjellet utan nok snø til å grave seg ned i. Siste natta då han var i ferd med å gi opp og berre registrere at livet gjekk mot slutten, vart han oppmerksom på eit nokså sterkt ljos i den retningen han trudde at Larsbu, hytta mi låg. Han var då nokså sikker på at det var Røde Kors som var komne dit med snøskutrar. Då fekk han ny energi og sleit seg fram i den retningen. Han såg lyset i fleire timar, men då han nærma seg Larsbu forsvant det etter kvart. Då han kom til hytta kunne han berre registrere at der hadde ingen vore. Men han var redda, sleit seg dei siste kilometrane ned til Botnen.      I mitt hove  finst det berre ein mann som kunne overleve ein slik tur- Og det var fordi han hadde vokst opp med den gamle teorien om samanhengen mellom arbeid, personleg ansvar og det å bruke hove!

Men kva så med lyset han hadde fulgt?  Det veit ingen, berre dette faktum: Brorsonen kom som leiar av to snøskuterpatruljer inn  mot fjellområdet frå den motsatte sida av Larsbu. Dei såg same lyset, og Roger som var lommekjent i det farlege området sa: Det må vere Mikael som har kome til Larsbu og har sett gasslampen i vindauga for å varsle at han er redda. Då overnattar vi i ei hytte her, og slepp å kjøyre inn i det farlege fjellområdet i mørkre.

Ein ting til er sikkert, der var ingen andre i dette fjellområdet den natta!

 

Utvandring.

Frå denne vesle grenda drog utruleg mange til frihetens land, USA, i tids-rommet 1850 -1930. Hovedgrunnen var fattigdom og slit. Det er nok nokre som har beretta om livet i Botnagrend på ein pen, ja nærast vakker måte. Dette meinar eg er direkte feil. Livet der inne var eit dagleg slit for å overleve!! Og til dels ofte eit livsfarleg  slit!

2 eksempler kan vere typiske, Bernhard Jarane, 1896, Sigrid Botnen 1834-1922 Eksempla kombinerar slit og kreativitet, stolthet, samt handling.

Bernhard hadde familie og sleit seg nesten i hel kvar einaste dag for å overleve. Slo med stuttorv i dei stupbratte fjellsidene inne ved Grauurevatnet. Turka graset der inne under små heldrar, for så å bere det ned til sjøen etter at snøen var komen, cirka 3 km. Deretter i robåt ein km til Jarane.

Han handla på bok i butikken som den gongen var i Porsmyr. Ein evig kamp mellom handelsmannen og Bernhard, men begge var litt avhengige av kvarandre.

Så besteme Bernhard seg for å emigrere til Junaiten. Og som den ærlige mann han var måtte han kvitte seg med gjelda si til butikken i Porsmyr!

I tillegg til ei ku og to hadde han nokre sauer. Ein dag om hausten slakta han så eit lam og hengde til tørk i naustet. Dagen etter rodde han dei 5 kilometrane til Porsmyr. Slengde lammeskrotten over skuldra og spaserte inn i butikken. Der sto sjefen sjølv og var tydelegvis glad for det han såg. Dei kjekla så litt om prisen, men vart einige og handelsmannen gjekk i gang med multiplisering og den slags. Berhard tilbaud seg å bere skrotten ut i sjøbua, for han fortalde at han hadde fleire skrottar i båten. Handelsmannen takka ja til dette fine tilbodet.

Bernhard bar skrotten ut, og der hang det massevis av andre skrottar. Han hengde opp sin, tok ned ein annan og litt støre – spaserte deretter ut døra til kaien og deretter inn i butikken. Slik fortsdatte han til gjelda var betalt. Siste skrotten resulterte forresten i at nå var det handelsmannen som måtte betale Bernhard litt pengar.

Bernhard rodde heim, lo heile turen, fortsatte forbi Jarane og heilt inn til sjølve Botnen. Han MÅTTE  fortelje mennene om sin suksess. Dei lo lenge, men det gjorde ikkje handelsmannen, rekna dei med!

Berhard og familien drog deretter til Amerika.

Sigrid Botnen 1834-1922. Gift mrd Geirmund Fletena, som var sjømann og drog innover isen ei vinternatt i mørkre. Han ville så gjerne heim etter lang tid på sjøen. 100 meter frå land brast isen, og sjølv etter desperat forsøk på å nå land måtte han gi opp. Han la settleboka si, klokka og eit viktig brev på iskanten. Dette vart oppdaga av folk då ljoset kom, og dei skjøna då kva som hadde hendt og kven det var. Men han vart aldri funnen

Dei hadde fått 5 barn, men 2 døydde ifm fødselen. Sigrid flytte til Øystese, leigde seg hus. Ville klare seg sjøl utan hjelp. Steikte hardangerkaker og selde i Haugesund og Bergen. Var kokke i bryllup og alle slags festar. Arbeidde dag og natt med alle slags arbeid, og var ei svært stolt og i tillegg ei svært glad kvinne.

Når eg høyrer om hennar stolthet vert eg minna om mor som, utan sammanlikning for øvrig, nekta plent å ta imot folketrygd då den kom. Ho hadde aldri bedt om hjelp frå kommunen og skulle møte døden utan å ta mot noko frå den kanten. Det var langt under hennar verdighet. (Eg mistenke far for at han likevel heva pengane. For eg oppdaga at han i naustet plutseleg hadde ferdigrulla sigarettar, Sauth State.)

Folkene som voks opp der inne var stolte menneske, og dei ynskte å klara seg sjølve, utan å vere til bry for andre. Gamle soger fra 1700talet og fram til i dag viser det same.

 

Kunnskapar,utdanning, ekspertar.

Mange soger frå 17- og 1800talet viser at dette var folk klar over, og til ei viss grad satte pris på. Men på den andre sida sette dei likevel mest pris på det folk kunne og ikkje kva dei måtte ha lært på ein eller anan skule. Eg skal nevne eit eksempel frå mi eiga tid som fortel noko om dette.

Eksemplet handlar om Ragnar, 1950 – . Han hadde, presis som bror til Kjell Aukrust, denne utdanninga: Gått gjennom sundagskulen, folkeskulen og isen.

DVS Ragnar hadde ikkje sundagsskulen, for det hadde vi ikkje der inne, men han kompenserte dette ved å ha gått gjennom isen nokre gonger.

Han drog ut på anlegg, spesialiserte seg på dynamitt og sprengning, for det var han vane med heime. I dag er han etterspurd av ingeniørselskap når komplisert sprengningsarbeid skal foretas. Han manglar den boklærde kunnskapen, men han beherskar den sjølopplevde visdomen. Han treng berre sjå på kvaliteten på fjellet der ein skal sprenge, og så veit han om han treng 1 elier 4 tonn dynamitt .  Han er ekspert.

 

Rundt 1850 vart det etablert eige bibliotek der inne. Det forsvant eller vart nedlagt rundt 1900. Eg har bok nr 28 og 44.

Om lag samstundes stifta dei og ein diskusjonsklubb der inn: Botnegrendens samtalelag.

Vis fram protokollen. Blir utruleg imponert når eg les om hvilke kunnskapar desse vanlege bøndene den gongen hadde. Det er min påstand at, reltivt sett, hadde bøndene der inne høgre kunnskapsnivå enn tilfelle er i den norske befolkning i dag. Mogeleg årsak:

Det viktigaste i dag er ferie og underholdning.

Nevn eksempler frå referatboka, f. eks. Om de kirkelige reformer: Her citerer dei uttalelser fra kirkemøter, katolske vismenn og paver osv.

Praktisk arbeid, kreativitet.

Når ein les litt systematisk det som er av skrivne kjelder om livet i Botnagrend og ser bort frå dei fine og romantiske forteljingane, trur eg at det viktigaste er det som spring ut av desse 3 sentrale orda:

Arbeid, Ansvar og at desse to skapar Kreativitet.

Og Vestrheim, Einar Vestrheim. Dette er mitt svar på det problemet du påførte meg ute i Asker.

Men vil slutte med ei hending frå min barndom, sommaren 1950.

Me sat, heile familien, 5 stk og åt kjøttkaker til middag ein søndag. I strålande sol og varme. Men ein i familien følte seg forbigått, fjordingen vår ved navn Brunen. Katten vår, derimot, kalt Gamlekatten, var på plass på den høge krakken som far hadde laga til den. Far la matbitar fram på bordkanten og Gamlekatten forsynte seg av det på en meget dannet måte.

Han tok nemlig bitane med labben og førte dei opp til munnen! Dette hadde han nok lært av mor for ho var streng når det gjalt bordskikk!

Vi var såvidt ferdige med måltidet alle 6, då høyrde vi at Brunen var på vei inn i gangen. Der såg han oss sitje rundt bordet alle 5 + gamlekatten. At katten fekk lov til det likte han lite. Han kom spaserande rett inn i stova på sine grove jarnsko. Han kom bort til bordet og eg er den dag i dag mektig imponert over mine foreldre som fortsatt sat, utan å røre seg ved bordet. Far, som alltid fann på ting, tok fatet med poteter og rakte fram tll hesten, Brunen åt dei to siste potene. Deretter rakte far fram fatet med kål og Brunen åt opp resten. Far som alltid var kreativ rakte så fram fatet med kjøttkaker. Brunen vart irritert, blåste ned i fatet så resten av sausen forflytta seg til fars kvite sundagsskjorte. Eg meinar, heil utan den minste tvil, at eg høyrde at Brunen sa til far:

(Er du fullstendig idiot? Har du endå ikkje forstått at eg er vegetarianar!)    

Takk for oppmerksomheten.