Granvin i Hardanger

Granvin herad har om lag 930 innbyggjarar. Nabokommunane er Kvam, Voss, Ulvik og Ullensvang.

Det er eit aktivt kultur- og lagsliv i bygda. Idrettslag, turlag, skyttarlag, ungdomslag, husflidslag, grendalag, bygdekvinnelag og pensjonistlag er blant dei som skaper aktivitet og trivsel for born, unge og vaksne.

Det er dei siste åra lagt ned mykje arbeid i å ha eit triveleg sentrum som stimulerer til aktivitet, og me har etter kvart fått til eit heilt nett av gang- og sykkelstiar som er lett tilgjengeleg også for dei mindre spreke. Stiane er også utgangspunkt for turar til fjells og for eit aktivt friluftsliv.

For dei som vil vera aktive innandørs har bygda fått eit velutstyrt treningsstudio som vart starta opp og er drive av frivillige.

Det er ikkje mogeleg å seia noko om Granvin utan å nemna hardingfeletradisjonane. Desse går fleire hundre år attende i tid, og mange av dei mest markante hardingfelespelarane opp gjennom tidene kom frå Granvin. Tradisjonane vert borne vidare av unge utøvarar både frå Granvin og Hardanger elles. Knut Hamre driv meistarklasseundervisning her i Granvin med elevar frå heile landet, og innimellom har han internasjonal klasse med elevar frå fjerne deler av verda.

Det er etablert to nye bustadfelt i Granvin i det seinare. På det eine, Skielva, er husbygging godt i gang. Det andre, som er den tidlegare jarnbanestasjonen i Granvin, er snart klart for bygging.

Det siste året har det vore eit stort fokus på kommunesamanslåing. Granvin kjem nok til å bli del av ein større kommune, men det er ikkje avgjort enno korleis grensene blir. Me som bur her vil uansett gjera det me kan for at Granvin skal vera Granvin også i framtida, og at bygda skal vera ein god stad å bu.

Med helsing

Ingebjørg Winjum

ordførar

Litteraturmatiné laurdag 14. nov. 2015 kl. 14.00 i Halli

I samband med 150-års jubileet til diktaren Hans E. Kinck, som vaks opp i Strandebarm, Hardanger, inviterer Hardinglaget til litteraturmatiné i Halli, Nordahl Bruunsgt. 22 kl. 14.00 laurdag 14. november.

Rektor Johan Storm Munch, Kinck-kjennar og eigar av Kinck-garden,  vil kåsera om livet og litteraturen til Kinck, med særleg vekt på folkelynne, psykologi og humor. Om hardingane har grunn til å kjenna seg råka av dei kvasse og ironiske skildringane i ein del av verka til Kinck, vert det spanande å høyra. Storm Munch, som er eigar av Kinck-garden, kjem nok til å kommentera denne sida òg. Eit av dei mest kjende arbeida til Kinck er «Den nye kapellanen». Det er dramatisert og vert framført av Strandebarm ungdomslag på matinéen.

Musikalske innslag ved Bygdelagskoret og spelemannen Nils Økland, kjend brubyggjar mellom folkemusikk, samtidsmusikk og jazz.

Pris: kr. 150.

 Arrangør: Hardinglaget i samarbeid med Bygdelagskoret

 

Velkomne!!

21

100-års-jubileumsfest i Hardinglaget

Denne gongen kan me ynskja velkomen til ein heilt spesiell haust/jubileumsfest i Hardinglaget i Oslo – den einaste i historien, for no skal me feira at me er 100 år, og det skal de få vera med på. Me har jo alt hatt den svært vellukka konserten i Konserthuset, men den tradisjonelle haustfesten, som me har hatt i alle år, må me berre ha dette året og, og no i begge salane i Nordahl Brunsgate 22.

 

Programmet blir av godt gamalt merke, med prolog skrive av styremedlem Gerd Bjørke, festtale av Wigdis Espeland, som kan alt om “hardingen”. Festleiarar blir Bård Kolltveit og Ingvild Bryn. Finn Måge vil fortelja litt om Hardanger og 1914, og kanskje det blir sketsj om hardingen og vossingen som skulle heim til jul. Heidi Marie Vestrheim deltar med song og musikk.

Dansemusikk m.m.: Bærum Spellmannslag.

 

Me vonar på stort oppmøte av hardingar med gode vener. Maten blir den gode gamle: Røykjekjøt og pylser, godt øl, kaffi og masse gode kaker. Meld dykk på med ein gong. Gled dykk! Ta på bunad eller anna festplagg og møt opp i Nordahl Brunsgt. 22!

 

laurdag 15. november 2014 kl. 17.00

 

Påmeldingsfristen er tysdag 12. november. Påmelding til:

 

Johannes Kvammen – 48 60 43 10  –  66 80 17 54

Gunnvor Fykse Skirbekk – 93 64 93 85 – gunnvorskirbekk@yahoo.no

Bjørg Riber – 91 68 69 64 – bjorgri@medisin.uio.no

Botolv Helleland – 99 35 55 82  – botolv.helleland@iln.uio.no

Gerd Bjørke – 91 16 71 98  – gerd.bjorke@hioa.no

 

 

Helsing styret i Hardinglaget.

 

VELKOMNE SKAL DE VERA!

 

Pris: kr 400 for medlemer – kr 500 for andre.


For dei som enno ikkje har skaffa seg den flotte jubileumsboka ”Hardingar i hundre”, kan dei få kjøpt den denne kvelden.

Hardinglaget fyller 100 år!

Hardinglaget fyller 100 år!

Hardinglaget i Oslo vart skipa 3. mars 1914. Det betyr at jubileumsåret 2014 også er jubileumsår for laget. Dette vil bli markert på fleire måtar. Det første er jubileumskonserten «Hardanger i hundre» i Oslo konserthus den 22. mars 2014. Konserten er lagt til rette i samarbeid med Hardangerrådet, og inngår som det første arrangementet som kommunane i Hardanger gjennom «Hardanger 2014» vil tilby. Ved denne konserten vil du få møte framifrå artistar frå alle kommunane i Hardanger: Frank Kjosås, Heidi Vestrheim, Arild Helleland, Knut Hamre, Geir Botnen, Roar Brekke  – er berre nokre av namna!

Set av datoen og ta ein tur til konserthuset i Oslo denne dagen! På dagtid blir det utstillingar i Konserthuset, i regi av «Flytt til Hardanger». Her vil næringslivet i Hardanger presentere seg. Dette blir ein Hardanger-i-Oslo-dag!

Lekkjer for jubileet:
Hardanger 2014
Oslo konserthus
Clarion Hotel Royal Christiania