Lov

for

HARDINGLAGET I OSLO

Vedteke 26.10.48 og endra 09.02.2010

I.

Laget vil samla menn og kvinner frå Hardanger, eller andre med interesse for Hardanger, til samkomer der dei kan få høve til å verta kjende med kvarandre. Laget arbeider på heimleg grunn ved å halda oppe vyrdnaden for heimen i mål, sed og skikk. Likeeins vil det arbeida med praktiske tiltak som kan vera til hjelp og vern for folk heimanfrå når dei kjem hit.

II.

Lagsfolk kan dei verta som er frå Hardanger, eller andre som har interesse for Hardanger. Personar som stettar desse vilkåra har tilgjenge til laget.

 III.

Laget skal ha eit styre på 5 medlemer – formann og 4 styremedlemer, der både kvinner og menn bør vera representerte. Formannen vert vald beinveges av laget. Styret vel seg imellom varaformann, skrivar og kasserar.

 IV.

Ingen lagslem kan nekta å ta  imot val, utan når det gjeld attval.

 V.

Årsmøtet vert halde kvart år mellom 15. januar og 15. februar.   På møtet vert å avgjera:

a.                   Åsmelding frå styret

b.                  Ettersett rekneskap

c.                   Lovbrigde

d.                  Val         1 Formann

               2 Styre

3 2 ettersynsmenn

4 Andre turvande val

Arbeidsbolken for styret og faste nemnder gjeld frå 1.1. og året ut. Omframt årsmøte kan haldast når minst 10 lagslemer krev det, eller når styret finn det turvande. Alle saker som skal fram på årsmøtet må sendast formannen seinast 14 dagar føreåt. Sakene må drøftast av styret og kunngjerast minst 8 dagar før årsmøtet. (For lovbrigde, sjå pkt XIV).

 VI.

Røysterett har berre dei som har betalt lagspengar seinast på siste samkoma før møtet.

 VII.

Årspengane vert fastsett av årsmøtet, og skal betalast årleg.

 VIII.

Laget skal ha fest eller anna samkome minst 2 gongar om året i tida september-mai.

 IX.

Styret fører referat for styre- og lagsmøta, og syter for at bøkene ikkje kjem bort.

X.

Styret eller valde nemnder skipar til samkomene. Alle avgjerder som ikkje skal inn for laget, vert tekne av styret. Pengeløyvingar til anna enn lagsdrifta må inn for laget etter å ha vore framlagt i styret. Er desse løyvingane større enn kr. 1.000,00 kan dette berre avgjerast på årsmøtet, og er summen over kr. 5.000,00 krevst det 2/3 fleirtal. Styret kan ta avgjerd når minst 3 er til stades. Står røystene likt, er formannen si røyst avgjerande.

 XI.

Styret kan ved samrøystes vedtak visa lagsfolk bort frå laget når det syner seg turvande. Vedkomande lagslem kan sjølv anka saka inn for laget, eller ei domsnemnd some er vald av laget.

XII.

Sluttar laget, skal Hardanger Folkemusikklag ta vare på eiga. Om laget ikkje vert oppatt-teke i samsvar med desse lovene innan 10 år,  overtek Hardanger Folkemusikklag eiga.

 XIII.

Avhending av hytta TUA krev minst 2/3 fleirtal på to etterfylgjande årsmøte.

 XIV

Framlegg til brigde i denne lova må ha vore kunngjort før lagsmøtet. Lovbrigde krev 2/3 fleirtal.